Naa har eg kome godt inn i livet her nede, og nyt aa gaa aa kikka i gatene aa suga inn alle inntrykka. Det er alltid mykje liv i gatene og mange rare folk. Om dagane etter skulen, er eg av og til med paa dagens aktivitet eller treff dei andre i parken for aa tusla rundt. Paa kveldane gjer eg som regel litt lekser og sitt og snakkar med familien. Begynner aa fola meg heime der naa, og trives veldig bra. Paa laurdag var det meininga det skulle kome ei ny i huset, men ho kom aldreg og ingen veit kvifor. Men det gjer eigentleg ingenting, fordi no trivest eg godt aaleine.
Om kveldane naar me gaar ut, pleier eg aa treffa dei andre og dei fyljer meg heim slik at eg ikkje treng gaa aaleine. Det har sine fordelar aa vaera jenta her, for paa tirsdagar og torsdagar har dei ladys night paa forskjellige uteplassar. Det liker vi! Tirsdagane e d paa monoloco, daa faar alle jenter ein gratis drink dersom ein har eit kort, og etter det treng ein berre betala ca 2 kr, for neste drink. Paa torsdagane er det ladys night paa La Sala, daa faar jentene ein plastkopp i dora, og kan drikka saa mykje cuba libre dei vil gratis. (mens guttane maa betala inngangspengar og full pris for drikke).
Onsdag i sist veke var det nasjonaldagen til Guatemala, og me hadde fri fraa skulen. Det var ganske kjekt aa sjaa korleis dei feirar her. Eigentleg ganske likt med at skulane gaar i tog i gatene og slikt. Ogsaa var det heilt sjukt mykje folk over alt! Var ikkje saa lett aa sjaa noko av toga, fordi det stod saa mange rundt gatene. Dagen for nasjonaldagen var det Dia de antorcha, (muligens skrivefeil) det innebar at forskjellige skular tente ein fakkel og sprang rundt i gatene. Me reiste opp til San Juan med skulen og tente fakkelen, og sprang heile vegen ned til Antigua igjen. (ca 5km)
Med middagen kvar kveld pleier eg og Norma alltid sitja og snakka, og her ein kveld fortalte ho om gutten som driv ein liten tienda rett ved sida av huset. Han er 13 aar gammal og driv helst butikken aaleine. Faren er alkoholikar og drikk mykje heile tida, og naar han drikk pleier han aa slaa kona si med ein machete. Og naar gutten provar og stoppa faren slaar han han ogsaa. Norma sa at mora hadde stukke av no med syskna hans for aa koma vekk fraa mannen sin. Men gutten er igjen fordi han maa driva butikken. Det er skikkeleg faelt aa hoyra slike historiar, og desverre er det alt for mange av dei her i Guatemala.
Eg har alltid saa mykje eg tenkjer eg skal skriva om, men naar eg sit og skal skriva gloymer eg nesten alt.. Men her er i hvertfall nokre bilete!
Smaa prikkar som kom i senga og golvet. Trudde det var avforinga til smaa insekt, fordi eg fekk kloklumpar. Men Norma meinte det var jord eller noko fraa nokre tre over huset, og det har ikkje kome meir paa ei stund no..








Karen du Karen! d hørres kjempespennande ud å ver der borte i langtvekkistan! håbe du kose deg mer å mer å at du alre blir lei, for eg SKA koma ner! nå he eg fått meg arbete ;) glede meg te å sjå deg!!!!!
SvarSlettHei Karen. Nå har jeg lest hele bloggen din. Du får jammen meg mange nye opplevelser. Godt å lese at du trives : ). Skal nok følge med deg videre :)
SvarSlettHilsen fra Rosita