mandag 13. september 2010

Tikal og Livingston

I helga hadde eg ein knall tur til Tikal og Livingston! Me reiste paa fredag i 12 tida og koyrde i 10 timar foer me kom fram til Flores! Det var ein lang tur, men me hadde 3 pausar innimellom saa det hjalp paa litt. Minibussen var ikkje saa fin som den me hadde i fjord, men den var grei nok og sjaaforen raana av garde. I Flores overnatta me paa eit heilt greit hotell, rommet var litt trangt men det gjekk fint. Eg delte rom med to stk fraa Nederland. Paa lordag var det opp kl 5 om morgonen for aa reisa til Tikal, ganske tidleg, men ganske greit og koma for den verste varmen. (for det er heilt sinnsjukt varmt her! sveitta renn berre ein staar stille i skyggen!) Har jo vert i Tikal for, men det var lika fantastisk no! Litt annerleis var det og, for me hadde ein annan guide og tok ei anna rute, saa eg fekk mange nye inntrykk ogsaa. Med det fyrste tempelet aat me frukost ( brod m diverse paalegg, frukt og verdens beste brod som dei sell her i antigua: bananbrod! det er heilt fantastisk godt). Naar me var ferdige i Tikal fekk me valget mellom Flores og Canopy tur, men det var berre to som ville paa canopy fordi me var saa sjukt sletne og lei av den intense varmen. Paa Flores var me ein liten gjeng som gjekk og aat paa ein liten resturant ogsaa gjekk me ein runde rundt oya og duppa foetene i vatnet.

Saa bar det vidare til Rio Dulce! Der var standarden paa hotellet litt laagare, og rommet var skittent og fullt av dode insekt, og levande gekkoar. (nokre av dei andre hadde til og med ein levande skorpion paa rommet! Det er vistnok ekstremt skjeldent her). Naar me hadde faat romma, gjekk me ned paa restauranten og bestillte mat. Der satt me heile kvelden og snakka og spelte uno, og me fekk til og med 3 flasker vin paa deling! 

Neste morgon var tog me baaten paa Rio Dulce ut til Livingston, paa vegen stoppa me med nokre varme kjelder og gjekk opp til nokre grotter, den eine gjekk me langt ned og innigjennom til me kom til eit rom der det var flaggermus! Ein kunne hoyre knitringa av dei og eg saag ei som flaug rundt.
I Livingston fekk me berre ein liten time til aa kikka oss rundt saa me gjekk litt i gata og saag. Saa tok me baaten eit lite stykke til ei lita strand, med eit hotell paa. Der laag me i sola, bada (ikkje akkurat avkjolande vatn) og aat lunsj. Etterpaa tok me baaten tilbake til hotellet og hoppa i minivanen tilbake til Antigua. Det var ein Bra tur, men programmet var litt tettpakka saa det var litt travelt.

I dag har eg vert troytt heile dagen og kjempa med aa halda augene opne paa skulen. Og paa ettermiddagen skulle eg vaska klede saa eg spure Norma kor det var eit lavanderia, og fekk veta om eit som var 3 eller 4 kvartal vekke. Naar eg endeleg fann det var det eit slik der ein gjer det sjolv, men eg orka ikkje leita etter eit anna. Det tok 30 min aa vaska saa imens gjekk eg til ein bokhandlar og kikka, og naar eg kom tilbake maatte eg ha 45 min til aa torketrommel.. Imens denne haldt paa fann eg ein anna bokhandel som hadde bruktboker, saa det var litt billigare. Der fann eg osten for sola, men hadde ikkje nok pengar saa eg maa nok tilbake dit! Naar kleda endeleg var ferdige hadde eg gaatt saa mykje fram og tilbake at eg var dausleten... Neste gong skal eg vaska paa eit som ligg med skulen, slik at eg berre kan levera kleda for eg har spansk, og henta dei klappa og klar etterpaa!!

Her er litt bilete fraa turen og fraa ruinane eg besokte sist veke: 
Tikal
Tikal
Tikal
Flores
Gekko over senga
Rio Dulce
Ruinane
Ruinane
Rommet mitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar