mandag 27. desember 2010

Litt diverse bilete fraa rundt omkring

Ein dag me reiste til Pastores, ein liten pueblo som er kjent for aa laga boots i laer! Kjupte meg dei som er til hogre! :P 




Og her er nokre bilete fraa Dyreparken i Guatemala by!

Typisk juletre paa eit svaert kjopesenter

For jul var det prossesjonar nesten kvar dag, der dei gjekk med figurar av Maria og Jesus.

Utsikten fraa balkongen til salsaskulen

Posada i gata mi, ein kveld med tamales, punche, pinata og julamusikk

Maaneformorkelsen

Siste kvelden til Julie! (ho paa sida av meg!)

Feliz Navidad!!

Daa va julafeiringaa ferdig for i aar! Hadde ikkje noko saerleg julafolelse saa eg savna ikkje jula saa mykje som eg trudde eg skulle gjera. Mi julaften starta med jobbing paa foremiddagen, malte barnesenger heile tida. Etter lunsj skypa eg med dei heime som akkurat var ferdige med pakkane. Var skikkeleg kjekt fordi dei hadde dataen paa ein krakk i stova saa eg folte nesten eg satt der sjolv! Etterpaa stressa eg med aa gjer meg klar for kvelden og reiste til Jocotenango for aa feira jul med Carmen og familien. Det var kjempekoselig, me laga mat saman, og spelte wii for me aat middag. Etterpaa blei eg med tanteungane til Carmen for aa kjopa fyrverkeri som me "leika" med etterpaa. Her har dei alt slags smaa bomber og ting som ungane leikar med paa gata. Me hadde det skikkeleg morrosamt med dette, og etterpaa laga eg vepsebol som slo veldig bra ann!

Naar klokka slo 12 var det masse fyrverkeri og bomber ute (akkurat som paa nyttaar heime) og alle ga kvarandre ein klem og sa god jul. Saa samla me oss i stova og bytta gaver. Alle hadde faatt ein lapp med eit navn paa nokre dagar for, og kjupte ein liten gave til denne personen. Akkurat som ein pakkeleik. Trur ikkje gavane er saa viktige her som i Noreg, for alle fekk berre ein liten gave kvar. Og resten av kvelden sat me og hoyrte musikk og snakka, var i seng kl 3 paa natta saa dagen etter blei det mykje soving!

Baking av vepsebol

Carmen


Foreldra til Carmen og to fraa Tyskland som ogsaa var med paa feiringa

Juletreet

Julekrybber er noko av det viktigaste med julen her






søndag 19. desember 2010

Pengetrobbel og prosjektjobbing

Her har det skjedd saa mykje i det siste at eg ikkje har hatt tid til aa skriva, men no har det roa seg litt.
For ei veke sidan skulle eg nemlig gaa og ta ut pengar, men det kom berre opp at eg ikkje hadde meir saldo, og dette var veldig rart sidan eg hadde nesten 5000 sist gong eg tok ut pengar. Naar eg gjekk for aa sjekka nettbanken stod kontoen nesten i null!! Og alle pengane mine hadde blitt tekne ut i Colombia! Saa heile veka har eg stressa med aa faa ordna alt. Var ganske bekymra, for eg hadde berre 100Q i kontantar, og visste ikkje naar eg kom til aa faa eit nytt visa kort. Men no har alt ordna seg. Banken sperra kortet mitt, og eit nytt er paa veg til Guatemala. Visa Norge skal betala tilbake alle pengane som blei stjaalne, og foreldra mine fekk satt over pengar til Western Union som eg gjekk og tok ut i ein bank her nede. Men fuglane maa veta korleis dei fekk tomt kontoen min. Antagelig har nokon sett pinkoden min eller kortet mitt har blitt skimma. Og akkurat det samme skjedde med ein av dei andre voluntorane paa prosjektet mitt, nokre dagar etter meg! Saa fraa no av skal eg vaera veldig forsiktig i minibankane her!

Ogsaa gjekk eg til politiet, for aa faa ein rapport paa alt i tilfelle eg faar brukt for det. Eg satt der paa eit "kontor" som var halvegs falleferdig, (saag ut som ein gammal falleferdig skule eller noko) og maatte anstrenga meg for aa ikkje le. Naar me kom sat det ei dame der og hoyrte paa musikk, og naar me sa at me ville rapportera kva som hadde skjedd offa ho seg som om det var mykje jobb aa skriva nokre setningar med info. Og plutseleg reiste ho seg og saa at ho skulle berre gaa og kjopa litt brod! Men ho fekk no skreve ferdig til slutt, og eg skal henta rapporten i morgon.

Ellers har eg starta prosjektjobbing, og eg stortrivs! Skulle jo eigentleg jobba paa eit sjukehus med handikappa born, men sidan det er jul er det ikkje saa mange ungar og lite jobb. Derfor jobbar eg no paa Casa Jackson, som og er eit sjukehus, men for underernaerte babyar. Prosjektet er veldig bra, og no er det 9 babyar fraa 0-3 aar der. Alle har foreldre, men av forskjellige grunnar er dei underaernerte. Eg pleier jobba morgonskift, og daa badar me dei og skiftar klede og bleie, lekar med dei og gjer dei flaske. Saa er det meir tid for leking for dei faar lunsj, og naar me har mata dei er det tid for aa gaa heim. Likar meg veldig godt der og ungane er kjempesote, nokre er meir friske enn andre, men dei smilar og er glad naar dei faar kos og oppmerksamheit.

No skal eg ta meg ein tur paa markedet med dei andre, men eg skal ikkje la det gaa alt for lenge for eg skriv igjen! ;)

torsdag 2. desember 2010

Ferdig med skule for naa

Sist veke var mi siste veke paa skulen! Skulle eigentleg gaa ein maanad til, men bestemte meg for aa heller begynna med jobbing no og kansje ha meir spansk mot slutten. Denne veka skulle eg reisa saman med Karoline og gjengen til El salvador, men det blei det ikkje noko av fordi eg ikkje har passet mitt.. Var skikkeleg irriterande for eg hadde gleda meg veldig! Paa mandag i sist veke leverte eg passet mitt til ein advokat som skal fiksa forlengelse av visumet mitt, og det skulle vaera klart til fredagen, men det blei forsinkelsar, og derfor skulle det vaera ferdig i dag, og det var i dag eg skulle reist.. Men det er enndaa ikkje klart!

 Pause i parken, har vore veldig faa studentar i det siste!

Amabilia, den andre laeraren eg hadde.

 Miriam, min tredje og siste laerar

Alicia, min fyrste laerar




Paa tirsdag blei eg med to venninder og besokte prosjektet eg skal jobba paa. Det var ikkje saa sterkt som eg hadde forberedt meg paa, men det verker ikkje som ein jobb. Skal vaera paa eit sjukehus med handikappa born, og dei fleste kan verken snakka eller gaa. Men ein ser at dei sett veldig stor pris paa den oppmerksamheiten dei faar. Jobben gaar ut paa aa berre vaera der og leika med ungane, ein har ikkje bestemte oppgaaver aa gjera. Paa kontoret fekk eg beskjed om at det ikkje var jobb til meg no fordi mange av ungane er heime med jula, men dei eg kjenner som jobbar der sa eg berre kan koma og jobba for ingen skjekkar det uansett. Men eg vil jobba "lovleg" for eg vil ha attest paa at eg har jobba, saa i morgon skal eg gaa og snakka med dei paa skulen om det kansje er eit anna prosjekt eg kan jobba paa no fyrst. Saa faar eg sjaa kva det blir til, mange prosjekt er stengte no i desember fordi det er sommarferie her.


Det 2 siste helgene har me vore i Monterico og slappa av paa stranda: