mandag 6. september 2010

Fyrste dag paa skulen :D

Hola!
No var det godt aa byrja paa skulen! Kjeda meg ein del i helga sidan eg ikkje kjennar nokon enndaa. Laeraren min Alicia er veldig flink saa langt. Paa APPE skal ikkje laerarane vaer strenge, dei skal vaera ein venn ein kan snakka med om altslags. Og undervisinga er ganske laererik paa ein maate, for ein samtalar heile tida og over paa verb og diverse grammatikk.. oppgaaver og slik gjer ein som lekse, det einaste er at ikkje alle oppgaavene er like lette aa forstaa. Men eg er jo saa heldig at mora i familien min er laerar!

I pausen traff eg nokre av dei andre elevane, det er sjukt mange tyskarar her, ogsaa snakka eg litt med ei fraa Norge, ho virka veldig koselig. Aktiviteten i helga er ein tur til Tikal, Rio Dulce og Livingston saa eg skal vurdera det, det er ein liten gjeng som har snakka om aa reisa, men det kostar nesten 1000 kr saa eg er ikkje heilt sikker enndaa. Men det er jo ein kjekk maate aa bli betre kjent med dei andre.
Etter skulen i dag var eg med paa ein rundtur i byen, saa no veit eg om litt fleire plassar ein kan eta eller gaa ut, ogsaa viste han oss ein rimelig internettkafe halvparten den prisen eg har betalt paa monoloco. I dag har det vert skikkeleg varmt i sola, men no paa slutten av rundturen skya det til og byrja aa regne.

Det verker som om det bur minst to studentar i kvar familie her, (i hvertfall dei eg har helst paa til no) men i dag meddelte ho som bur i min familie at ho ville bytta familie fordi det var saa mykje braak fraa gata og diverse saa ho faar ikkje studert nok. Eg for min del har ikkje noko problem med det, synest huset ligg ganske sentralt til, og stoy fraa gata er det vel med dei fleste husa her i Antigua. Er litt dumt at ho flytter fordi eg har ikkje lyst aa gaa ute aleine paa kvelden og slik, saa daa kan eg ikkje gaa ut om kvelden, (min teori er at det er derfor det bur fleire studentar i ein familie) men haapar det kjem ein ny student der snart :D

Eg forstaar det slik at dykk ikkje kan kommentera paa innlegga eg skriv, antageleg maa ein ha ein egen blogg for aa kunna kommentera.. skal kansje laga ein ny i wordpress eller noko, men i mellomtida kan dykk skriva til meg paa facebook eller mail (kh_905@hotmail.com) dersom dykk har noko paa hjarta :P
Eg legg med nokre bilete fraa Antigua, (fraa internett) har ikkje teke saa mange bilete enndaa, men bloggen ser saa kjedeleg utan :P saa her er Antigua, mi ciudad en Guatemala:
Ikkje den beste kvaliteten, menmen..
                                                     
                                                                

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar