søndag 23. januar 2011

Mis Hermosos!!


Her kjem litt bilete av mine sote smaa paa prosjektet mitt, har ikkje faatt tatt bilete av alle endaa saa det kjem meir! ;)

Juan Antonio er ein av dei nyaste guttane, han er 7 maanader gammal men er mindre enn dei som er 4 maanader gammle!

Magaly og Sandra. Magaly har hatt ein operasjon for aa kunne gaa seinare i livet, og har derfor gips fraa brystet og ned heile fotene. Sandra har ein muskelsjukdom og har ikkje mykje styrke i kroppen, ho er alltid glad naar me kjem for aa leka med ho. Men naar me maa leggja ho ned aleina skrik ho utan stopp!

Desse to dokkene kom paa torsdag, dei er tvillingar og er fodd 3 manader for tidlig saa dei er knottsmaa!

Thomas storsjarmoren blandt ungane! Han ler av den minste ting og er alltid glad. Naar han faar mat blir han fort distrahert og det er ikkje alltid like lett aa mata han. Her faar han ris og kjott som ikkje var saa populaert.

Selvin er glad i oppmerksamheit og likar alltid aa sjaa paa alle folka som kjem og gaar. Han har nettop laert aa sitja paa eiga hand for han har nesten ikkje styrke i fotene, men gjer heile tida framgang. Han har og ei grop i ovre del av magen og maa ha ein operasjon om nokre aar for ikkje aa faa problem med hjarta.  

Thomas i stolen sin, her kan han sitja og leika med seg sjolv i timar, og ofte sovnar han der ogsaa.

fredag 21. januar 2011

Feria en Jocotenango!

Forrige helg var eg paa feria i jocotenango (festival) saman med Dayana. Det var knallkjekt, og skikkeleg toft aa ha sett. Hovudgreia var nemleg dansande figurar. Det var omlag 5 grupper som kvar hadde eigen lastebil fullasta med hogtalarar, som forflytta seg rundt i landsbyen og dansa. Den eine gruppa hadde monster som tema og hadde kostymar av alle slag, ei anna gruppe hadde menn i kvinneklede. Allesaman dansa heile dagen og ikkje veit eg korleis dei haldt ut ein heil dag i kostyma under den brennande sola! Men kostyma var skikkeleg bra, og spesielt i den eine gruppa som hadde mange teikneserie figurar.
Paa laurdagen gjekk me rundt og kikka paa dei som dansa og gjekk innom eit selskap ein liten tur, der eg oppdaga at det finst LEVERPOSTEI i Guatemala! Eller i alle fall noko tilnerma leverpostei, det var super digg aa eta noko med norsk smak! Paa kvelden var det fleire grupper som dansa, og paa slutten trudde eg hovudet mitt skulle sprenga etter ein heil dag men BOM BOM BOM musikk. Men det var ein knall kjekk dag!






Ogsaa fekk eg pakke i posten!!! :D :D

torsdag 13. januar 2011

Sjuk IGJEN!!

No er det 3 gongen eg er forkjolt her nede! Ikkje saa veldig kjekt! Men heldigvis har eg ikkje hatt noko saerleg problem med magen, som dei fleste andre har her nede (bank i bordet). Har vore ganske kjedeleg denne veka, fordi eg kan ikkje jobba med ungane naar eg er sjuk pga smittefaren. Derfor har eg hatt mykje tid til aa slappa av.
Var paa arbeid igjen i dag, saa det var kjekt aa sjaa alle dei sote smaa igjen! Og i kveld er det benefit konsert til inntekt for Casa Jacson saa eg tenkte eg skal stikka innom der ein liten.

Ellers er eg mykje paa salsa skulen og dansar. Har blitt god venn med alle der saa no kan eg berre stikka innom aa dansa. Nokre gonger ovar me paa ein koreografi og andre gonger hjelper eg naar dei har store grupper.
Salsa er nok noko av det eg kjem til aa savna mest naar eg reiser heim att :( Det er heilt fantastisk kjekt. Ogsaa har eg laert litt Cha Cha Cha, Bachata, merenge aa salsa 2 :D Bachata vil eg laera meir av fordi det og er knallkjekt og eg likar musikken saa godt! Men det er ikkje saa ofte dei spelar det paa uteplassane, somregel berre eit par sangar..

Og i gaar fekk eg ENDELEG det nye visa kortet mitt!!! Det var ganske digg maa eg seia! Blir mykje lettare aa fiksa meg pengar no. Men eg er litt redd for at akkurat det samme skal skje igjen, for det er framleis folk som blir robba paa same maaten. Veit i alle fall ein minibank eg skal halda meg unna fraa, men det kan jo lika saa lett skje andre plassar ogsaa..

Feliz fin de semana!! :)

tirsdag 4. januar 2011

Feliz año nuevo!!!!


 Daa var me inne i eit nytt aar nok ein gong! Berre eit aar til verden gaar under i folge maya kalenderen saa nyt 2011 saa lenge det varar!! :)
Nyttaarsafta mi feira eg paa stranda i El Salvador. Det var skikkeleg kjekt! Paa torsdag ettermiddag var me 14 stk som tok avgarde til Tunco. Etter 4 og ein halv time, drapet paa ein hund og smugling av ho eine over grensa kom me fram til stranda. Me hadde eit heilt hus nesten for oss sjolv berre 100 meter fraa stranda. Paa nyttaarsafta hadde me fyrst ei nedtelling til det nye aaret kl 4 paa ettermiddagen, for aa feira det europeiske nyttaaret, og i kveldinga laga me mat saman, aat og hadde pakkeleik. Og naar klokka naerma seg 12 tok me med oss druer og champange ned til stranda. Druer fordi her har dei ein tradisjon med at dei 10 siste sekunda skal ein stappe ei drue i munnen for kvart sekund og dei som klarar aa tyggja i seg alle druene naar klokka slaar 12 vil ha eit lykkeleg aar. 
Resten av natta feira me paa stranda, med livemusikk og gode folk!

Dagen etterpaa naar me gjekk for aa leggja oss paa stranda var det fullt av folk, for alle dei lokale reisar paa stranda 1. januar! Men det var uansett ikkje lenge eg klarte liggja der for det var saa sjukt varmt! Naar eg er paa stranda likar eg best aa slova i ei hengjekoya i skuggen med bachata musikk i oyrene! 
Siste kvelden var eg saa troytt at eg haldt paa aa sovna med middagsbordet! Saa det blei ikkje seine kvelden paa meg. Og paa sundagen bar det heimover igjen til eit litt kaldare Antigua.      



Eg likar betre stranda i El Salvador fordi her er det flatare og bolgene er ikkje saa enormt store som i Monterrico. Her var det og mangen som surfa.



I full gang med matlaginga. Kvar kveld laga me guacamole og hadde nachos som forrett! yo encanto guacamole, es lo mejor!!


Me fekk akkurat saa vidt plass til alle rundt bordet




Ein liten nyttarshelsing til alle kjente og kjaere!!