tirsdag 29. mars 2011

Spansktimar og siste tida paa prosjektet

Har vaert veldig treg med aa skriva i det siste, men bedre seint enn aldreg!
Andre og tredje veka i mars hadde eg spansk timar igjen. Hadde lyst aa friska opp litt i gramatikken og ova meir paa det eg avslutta med forrige gong. Var ganske greit, hadde 2 timar kvar ettermiddag, men for det meste snakka me berre og ova paa det eg ikkje huska saa godt. Haapar eg kan fortsetja aa snakka spansk naar eg kjem tilbake til Noreg, fordi eg har IKKJE lyst aa gloyma det!
Laeraren min Claribel

Ogsaa har eg slutta i prosjektet mitt no. Var eigentleg litt lei paa slutten ogsaa var det saa mange voluntorar at det ikkje var noko aa gjera paa. Berre gaa aa venta paa at ein av ungane som ikkje var med ein voluntor skulle vaakna opp! Saa derfor fant eg ut at eg like saa godt kunne slutta.
Provde aa kontakta ein organisk gard som trengte frivillige, for eg saknar aa jobba paa gard eller meir fysisk arbeid. Men dei svarar aldreg saa det blir nok ikkje noko av.

Laura 3 aar

Tvillingane er dei eg har sett styrst forandring paa i lopet av tida eg har hatt der

Sandra. Ho har det sotaste smilet, og det er aldreg vanskeleg aa lura det fram!

Renee, den minste av dei alle. Veg nesten ingenting!

Allison. Ei av dei nyaste og kvar gong eg maa forlata ho i senga si hylskrik ho!

Reyna. (namnet betyr dronning)

Ivan. Naar han fyrst kom var han musestille og gjorde ingenting, men no smilar og ler han heile tida

Pablo

Mario ein skikkeler rakkerunge


Esvin, han er 9 aar og er den eldste.

mandag 14. mars 2011

Den fyrste Velacionen aa procesionen!

Denne helga byrja dei med den fyrste velacionen paa fredagen og lordagen, og paa sundagen var den fyrste procesjonen. Dette merkar byrjinga paa fastetida, og kvar helg fram til semana santa skal det vaera velacioner og procesionar i forskjellige landsbyar. Biletet ovanfor er av procesionen, dei byrja ca kl 10 paa morgonen med aa gaa fraa kyrkja i Santa Catarina, ein landsby utanfor Antigua. I lopet av dagen gjekk dei til Antigua og rundt om i byen, og ca i 9 tida paa kvelden gjekk dei tilbake til landsbyen.






Paa sundagen sat me i parken og venta paa procesionen i om lag to timar. Men tida gaar fort naar ein er i godt selskap!


Mi fyrste alfombra!! Men ikkje av dei finaste. Desse teppene lagar dei rundt om i byen for kvar procesion, og dei finaste kjem i semana santa. Dei lagar desse for at fyrst Jesus og etterpaa Jomfri Maria skal gaa over ein plass som er "rein" og det representerar dei forskjellige familiane som lagar dei.





Etter Jesus kjem Jomfru Maria. Denne er det berre kvinner som har lov aa baera, imens Jesus er det berre menn som har lov til aa baera.


Veit ikkje heilt kor mange det er som baerer denne. Men i nokre av dei styrste som er i semana santa er det visstnok 100 menn som baerer! Naar dei gaar vuggar dei fram og tilbake slik at det ser ut som Jesus gaar. Det saag ut som dei fremste personane hadde den styrste tyngda, fordi naar dei gjekk seig dei meir og meir i hop, og to andre menn gjekk paa sida og lyfta heile greia opp naar dei seig saman!




Alle har paa seg same kleda, men dette er forskjellig alt etter kor strenge reglane til kyrkja er. Denne kyrkja er ikkje saa veldig streng fordi damene som baerte Jomfru Maria hadde paa seg vanlege klede. Men Carmen snakka om at me kansje kan vaera med og baera i ein annan procesion og dersom eg skal det maa eg ha heilt svarte klede, og skjort.

Paa lordagen reiste me til Santa Catarina for aa sjaa velacionen, som visar paa biletet ovanfor. Kvar fredag skal det vaera velacionar som representerar livet til Jesus fram til han dode paa korset. Desse er inne i kyrkjene og folk kjem for aa sjaa dei, men me maatte passera fort saa me fekk ikkje sett det saa godt. Og etterpaa kjopte me masse god mat. Det er nemleg som ein liten folkefest i landsbyane med masse buer med alt slags mat! Det er ikkje akkurat dei reinaste alternativa for aa eta, men eg aat det beste kjottet eg har smakt i Guatemala! I tillegg til mykje anna snadder! (og eg blei ikkje sjuk!) :D


Glasserte epler, veldig sott, men godt!  

tirsdag 1. mars 2011

Monterrico :D

Denne helga blei eg med fam. Jimenez, Vinicio og Ben til Monterrico! Det var heilt supert. Me reiste i 1 tida paa laurdagen i bilen til mannen til Aura, og Vinicio koyrde. Var ikkje eigentleg plass til alle saa dei sat 4 i baksetet, og eg og Dayana maatte sitja i bagasjerommet, men dette er heilt normalt i Guatemala! Bilar og bussar blir aldreg fulle. Me hadde det ganske morrosamt baki der, ikkje heilt komfortabelt men gjekk heilt fint.

Daa me kom fram skifta me til mindre klede i og med at det er supervarmt! Og gjekk ned paa stranda og slappa av og saag solnedgangen, etterpaa var me i bassenget paa hotellet og tulla. Paa kvelden gjekk me ut og aat pizza og var nede paa stranda litt.

Sondagen brukte me med bassenget fram til lunsj, og i 4 tida tok me fatt paa vegen heim att. Sjolvsagt var det ei ulykke 20 min fraa Antigua og me maatte snu og koyra ein times omveg! Naar me endeleg kom fram tok eg meg berre ein dusj og hoppa i senga!









Mexico

Eg har vist vore litt lat i det siste, utsetter heile tida aa skrive paa bloggen, men her kjem det por fin!

Forrige helg maatte eg reisa til Mexico for aa fornya visumet mitt for aa kunna vaera i Guatemala lovleg i 3 maanadar til. Hadde eigentleg tenkt aa reisa til Belize, fordi sidan eg maatte reisa aleina tenkte eg det var tryggare. Men alle sa det var tryggast aa reisa til Mexico, saa daa blei det der!
Var ganske bekymra for aa reisa og hadde ikkje lyst i det heile, og det hjalp ikkje naar eg ikkje fekk kontakta hotell der nede. Saag fore meg at eg maatte gaa rundt og leita etter hotell heilt aleina paa kvelden. Men eg fekk heldigvis til aa kontakta eit hotell til slutt og reserverte rom der.

Torsdag halv 6 om morgonen kom shuttelen og henta meg og me tok avstad. Det var berre 2 gamle ektepar i tillegg til meg. Utfor Panajachel maatte me bytta minibus, og nok eit gammalt ektepar blei med oss. Daa me kom fram paa grensa til Mexico, var det pass skjekk og me maatte nok ein gong bytta buss, fordi det gaar ikkje ann aa passera grensa med bil. Og paa veg til den nye minibussen mista me det eine ekteparet, sjaaforen var ute og leita etter dei, imens me andre venta i bussen. Han kunne ikkje finna dei og me maatte berre reisa utan dei. (men eg saag hu eine dagen etter i San Cristobal, saa dei kom seg fram)

Etter 11 timar med koyring kom eg endeleg fram til San Cristobal De Las Casas, og etter litt leiting fann eg hotellet og skjekka inn. Sidan det allereie var ganske seint gjekk eg berre ut for aa finna meg litt mat, og la meg for kvelden.
Dagen etter brukte eg paa aa utforska byen og shoppa litt. Det er ein veldig fin by litt lik Antigua berre mykje storre og med orten tusen kyrkjer! Dei to neste dagane brukte eg og paa aa sjaa kyrkjer og shoppa, hadde tenkt aa reisa til ein park med maya pyramidar men det var 5 timar unna, derfor slo eg det fraa meg. Sondagen var eg ganske lei fordi det holja ned og eg blei sokkblaut saa eg gjekk tilbake til hotellet tidleg og saag tv for aa faa varmen i meg igjen.

Mandag morgon skulle shuttelen min koma til hotellet kl halv 7 paa morgonen. Og eg klarte jo sjolvsagt forsova meg! Ti paa halv vaakna eg og heiv meg i klaerna og var klar i resepsjonen paa tida. Eg venta og venta og etter ein time byrja eg aa bli ganske stressa, og provde aa ringa til reisebyraaet fleire gonger men det funka jo sjolvsagt ikkje. Men etter 2 timar kom endeleg shuttlen og eg kunne slappa av. Paa vegen tilbake var det same prosedyren med bytting av bussar, berre at det var fleire folk og ikkje like komfortabelt.. Og i 7 tida var eg endeleg tilbake i Antigua med 3 maanadar meir i passet mitt :D

Grenseovergangen til Mexico



Yndlingsbutikken min!

Det fantastiske rommet mitt, med mugg paa veggene og konstant blaut golv paa badet


torsdag 24. februar 2011

Bursdagsfeiring og dia de cariño

Sundag 13. feira me bursdagen til Ben, ein kamerat eg har blitt kjent med paa salsaskulen. Derfor inviterte Carmen folk til aa koma aa feira kl. 3, men me maatte ikkje sei noko til Ben, fordi det skulle vaera ein overraskelse. Kl 3 kom eg og Ronja, men skulen var stengd og ingen var der. Naermare hall 4 kom Mike og laaste opp, men han viste ingenting om kvifor dei andre ikkje var der. Etter ein halvtime kom dei endeleg og me byrja aa faera det til med ballongar og heile pakka. I 4 tida var det meininga Carmen skulle mota Ben i parken og ta han med til skulen, men sidan dei var forsinka blei kl 5. Og me venta og venta, men han kom aldrig. Til slutt fant me ut at sidan han hadde venta i parken over ein time hadde han blitt sint og gaatt heim, saa Carmen maatte reisa og henta han. Naar han endeleg kom var han ganske overraska! Resten av feiringa gjekk bra og alle hadde det kjekt, med musikk, dansing, nachos, piñata og kaka endte opp i trynet til bursdagsbarnet!

Mandag 14. Valentines day, eller dia de cariño som det heiter her. I Guatemala er det nemleg ikkje berre ein dag for kjaerastar, men ogsaa for venner og alle ein er glad i. Mange gjer kvarandre smaa gavar og det er dekorasjonar med hjarter og roser over alt. I forbindelse med dette var det fiesta paa salsaskulen etter gratistimen. Var knallkjekt! Ikkje saa mange folk som kom, men det gjorde ingenting. Skikkeleg stemning med stearinlys overalt, salsa, batchata, cha cha cha, og mykje latter og loye! Er superglad for aa ha blitt kjent med alle for me har det alltid skamloye saman! :D




tirsdag 15. februar 2011

Salsa Coreografia!!

Etter over en maanad med oving hadde me framforing av salsa paa fredag!! framforinga hadde me paa ein spanskskule som hadde 15 aars jubileum. Me var 4 par som dansa og dansen var delt inn i 3 delar, fyrste delen var det berre me jenter som dansa, andre delen dansa me i par, og tredje delen dansa me i ein sirkel der me bytta partnar heile tida.
Var ganske nervosen for me byrja aa dansa, men naar me var i gang var det knall kjekt! Er knallglad eg har faatt moglegheita til aa bli med!
Har ein video av framforinga, men det gaar ikkje ann aa leggja den ut her, men ei anna har video av dansen naar me dansar paa salsa dreams, saa dersom eg faar tak i den skal eg leggja ut den!

Men her er iallefall nokre av bileta:







mandag 7. februar 2011

Xocomil og Xhetulul

I helga var me ein liten gjeng fraa salsa skulen som reiste til Retauhuleu for aa gaa i fornoyelsesparkar! Det var ei helg full av diversiones! :D
Me tok avgarde kl 5 paa morgonen paa laurdagen for aa koma tidleg fram. Vinicio ein som alltid er paa salsaskulen laante bilen til mora saa me kunne reisa akkurat som me ville. Naar me kom fram leita me etter eit hotell og la i fraa oss bagasjen der, for me tok avgarde til Xocomil ein fornoyelsespark med vatn. Litt som Bo sommarland, berre litt betre! Der var me heilt til dei stengte dorene!

Me var 5 jenter aa ein gutt saa reiste ned!

 Vinicio. Me sovna alle saman paa solsengene i parken :P







Svoltne folk paa laurdagskvelden!



Me fant ut at det er jo billigare aa kjopa take away paa pizza hut, derfor gjorde me det og satte oss rett utfor paa fortauet for aa eta der! Ganske god ide maa eg seia.


Ogsaa matte me jo sjekka ut discoen! Var ein knallfin uteplass!

Dag 2 reiste me til Xhetulul ein fornoyelses park som ligg rett ved sida av badelandet. Her hadde Vinicio kjentfolk saa me fekk koma inn i parken for berre 10 kr! Ganske digg :D  Parken var ein temapark og hadde representasjonar fraa Italia, Frankrike, Spania, Tyskland, Sveits og Guatemala. Etter heile dagen her, tok me turen heimover til Antigua igjen! 

Denne var litt hallskummel men ganske kjekt! Var slik at eg ville ein gong til etterpaa!

2012 humor!

Jentene i Roma

Den sote larven eg fekk av ein klovn som laga figurar til ungane

Guatemalas versjon av tommerrenna. Du kan sei me blei ganske blaute, men det var saa varmt at det var deilig med litt avkjoling.


For dei mest vaagelige! Hadde ALDREG gaatt opp i den!

Alt i alt ei KAANGE helg! :D