onsdag 29. september 2010

Salsa, merengue og batchata!

Buenos tardes folkens!
Denne vekaa har eg dansa salsa saa og sei kvar dag! Har blitt totalt hekta. Paa mandag og tirsdag var me paa gratis time paa salsa dreams dance studio. Dei er veldig gode instruktorar, men sidan det var gratis kurs var det mange folk, og paa tirsdagen var det nokon der fraa ein koreansk tvkanal og filma. Me laerte og basic trinna til merengue og batchata. Ogsaa er me 5 stk fraa skulen som har begynt med gruppetime, saa me laerar meir der. I gaarkveld var me ute paa la sin ventura og praktiserte det me hadde laert, knallkjekt!

Ellers verker det som om eg folar meg heime fordi sovnproblema mine har kome tilbake. Trudde eg var kvitt det, men nei. Eg er dautroytt om dagen, men naar eg endeleg legg meg faar eg ikkje sova for fem flate ore. I natt sov eg berre 1-2 timar, saa i dag har eg haldt meg oppteken heile dagen slik at eg er dautroytt naar eg skal leggja meg, saa faar eg sjaa om det hjelp.

Paa skulen skal eg bytta laerar neste veke og det ser eg litt fram til no. Eg skal bytta laerar kvar 4 veke. Hu eg har hatt no eg veldig grei, men ho snakkar seg heile tida vekk, saa den tida eg ville brukt paa aa laera meir, brukar hu paa aa snakka om alt mellom himmel og jord. Er veldig mykje aa pugga og lesa paa ogsaa, eg har blitt heilt forvirra no, med notid, to forskellige fortider og framtid, og alle verba som er forskjellige alt etter kva tid det er. Men det kjem nok etterkvart. Har laga meg nokon kjekke kort eg brukar for aa pugga.

Men no skal eg snart bort og dansa meir saa eg faar avslutta her.
Saludos de Guate! 

søndag 26. september 2010

Forkjola helg heime..

Har selvfolgelig blitt litt forkjola, men venta eigentleg paa det.. Mange andre av studentane paa skulen har vore sjuke, og Norma var skikkeleg sjuk i forrige veke. Derfor har eg ikkje vore paa noko helge tur. Dei andre reiste til Monterico ein gong til, saa eg tenkte eg berre blir heime og blir frisk igjen, ogsaa sparar eg dei pengane. Neste helg har me snakka om aa reisa til Lago Atitland.
I Antigua i helgene er det ganske lite aa finna paa, og serleg naar alle er ute paa tur. Saa eg har berre dreve dank. Var paa ein bruktbokhandel og fann meg ei bok (the tirteenth tale) saa eg har lest masse. Ogsaa var eg ein tur paa supermarkedet og kikka. Det er skikkeleg stort og har alt ein kan tenkja seg, men det luktar ikkje saa godt.. :P
I gaarkveld etter middag sat me aa saag paa ein gammal episode av top model, dubba paa spansk. Det var ganske morrosamt, dei spanske stemmane fekk dei til aa virka endaa meir blaaste.

I dag sov eg lenge, og det var herleg! Har vaakna av vekkeklokke nesten kvar dag sidan eg kom, og eg kan ikkje fordra det! No tenkte eg eg skal finna meg litt mat ein plass og utanom det har eg ingen planar. Paa sundagane maa me forsorga oss med mat sjolve, men ellers faar me mat kvar dag.
Det blei ein liten oppdatering paa denne helga, ikkje saa mykje action akkurat.
Me preikast!

onsdag 22. september 2010

Dagane i Antigua

Naa har eg kome godt inn i livet her nede, og nyt aa gaa aa kikka i gatene aa suga inn alle inntrykka. Det er alltid mykje liv i gatene og mange rare folk. Om dagane etter skulen, er eg av og til med paa dagens aktivitet eller treff dei andre i parken for aa tusla rundt. Paa kveldane gjer eg som regel litt lekser og sitt og snakkar med familien. Begynner aa fola meg heime der naa, og trives veldig bra. Paa laurdag var det meininga det skulle kome ei ny i huset, men ho kom aldreg og ingen veit kvifor. Men det gjer eigentleg ingenting, fordi no trivest eg godt aaleine. 
Om kveldane naar me gaar ut, pleier eg aa treffa dei andre og dei fyljer meg heim slik at eg ikkje treng gaa aaleine. Det har sine fordelar aa vaera jenta her, for paa tirsdagar og torsdagar har dei ladys night paa forskjellige uteplassar. Det liker vi! Tirsdagane e d paa monoloco, daa faar alle jenter ein gratis drink dersom ein har eit kort, og etter det treng ein berre betala ca 2 kr, for neste drink. Paa torsdagane er det ladys night paa La Sala, daa faar jentene ein plastkopp i dora, og kan drikka saa mykje cuba libre dei vil gratis. (mens guttane maa betala inngangspengar og full pris for drikke). 

Onsdag i sist veke var det nasjonaldagen til Guatemala, og me hadde fri fraa skulen. Det var ganske kjekt aa sjaa korleis dei feirar her. Eigentleg ganske likt med at skulane gaar i tog i gatene og slikt. Ogsaa var det heilt sjukt mykje folk over alt! Var ikkje saa lett aa sjaa noko av toga, fordi det stod saa mange rundt gatene. Dagen for nasjonaldagen var det Dia de antorcha, (muligens skrivefeil) det innebar at forskjellige skular tente ein fakkel og sprang rundt i gatene. Me reiste opp til San Juan med skulen og tente fakkelen, og sprang heile vegen ned til Antigua igjen. (ca 5km)

Med middagen kvar kveld pleier eg og Norma alltid sitja og snakka, og her ein kveld fortalte ho om gutten som driv ein liten tienda rett ved sida av huset. Han er 13 aar gammal og driv helst butikken aaleine. Faren er alkoholikar og drikk mykje heile tida, og naar han drikk pleier han aa slaa kona si med ein machete. Og naar gutten provar og stoppa faren slaar han han ogsaa. Norma sa at mora hadde stukke av no med syskna hans for aa koma vekk fraa mannen sin. Men gutten er igjen fordi han maa driva butikken. Det er skikkeleg faelt aa hoyra slike historiar, og desverre er det alt for mange av dei her i Guatemala.  

Eg har alltid saa mykje eg tenkjer eg skal skriva om, men naar eg sit og skal skriva gloymer eg nesten alt.. Men her er i hvertfall nokre bilete!

  
Parque Central
La Merced
i San Juan for aa tenna fakkelen
Det blei fyr!
Ein klasse som spring med fakkel
Stranda i Monterico
Smaa prikkar som kom i senga og golvet. Trudde det var avforinga til smaa insekt, fordi eg fekk kloklumpar. Men Norma meinte det var jord eller noko fraa nokre tre over huset, og det har ikkje kome meir paa ei stund no.. 

mandag 20. september 2010

Fin de semana

Gjett kven eg traff paa i dag!!! Cesar! :D Eg var paa veg heim fraa skulen, ogsaa hoyrde eg fraa ein bil bak meg : Karen, Karen, Karen! Og naar eg snudde meg kom Cesar koyrande opp paa sida av meg. (for dei som ikkje veit kven Cesar er, saa er det han som var bussjaaforen vaar sist aar naar me reise med folkehogskulen) Han stoppa og snakka litt med meg, men han var paa jobb saa han maatte vidare. Det var skikkeleg kjekt aa treffa paa eit kjentfjes heilt tilfeldig her!

I Helga var me ein gjeng som reiste til Monterico for aa slappe av i sola. Det var ein herleg tur, der me ikkje gjorde noko spesielt! Me reiste paa fredag og etter 2 timar var me framme ved der me maa ta baaten over. (brua er oydelagt) Naar me kom fram til hotellet, Jonnys place fekk me eit rom med 10 senger, der mange forskjellige budde, ogsaa gjekk me ut og aat paa ein restaurant, der det laag kattar paa benkane, hundane sprang rundt og leika, og ein svaer pelikan kom vaggande inn mellom borda. Men maten var god, og ingen blei sjuke! Dagen etter laag me berre i sola og bada, og paa kvelden rigga dei til svaere hogtalarar og det kom mange folk for aa bli med paa festen. Me var veldig troytte saa de blei ikkje seine kvelden, men musikken var saa vanvitteg hog og rett utafor bungalowen vaar, saa eg klarte ikkje sova foer den ga seg. Neste dag var og berre sol og sand, foer me reiste heim i 3 tida. Paa vegen heim blei eg veldig daarleg, hovudet mitt haldt paa aa eksplodera, og eg blei skikkeleg kvalm. Saa naar me endeleg kom tilbake var eg heilt ferdig, og gjekk rett og la meg!
Naa skal eg bort paa skulen og sjaa film tenkte eg, men skal snart skriva igjen, og legga ut litt bilete!!

mandag 13. september 2010

Tikal og Livingston

I helga hadde eg ein knall tur til Tikal og Livingston! Me reiste paa fredag i 12 tida og koyrde i 10 timar foer me kom fram til Flores! Det var ein lang tur, men me hadde 3 pausar innimellom saa det hjalp paa litt. Minibussen var ikkje saa fin som den me hadde i fjord, men den var grei nok og sjaaforen raana av garde. I Flores overnatta me paa eit heilt greit hotell, rommet var litt trangt men det gjekk fint. Eg delte rom med to stk fraa Nederland. Paa lordag var det opp kl 5 om morgonen for aa reisa til Tikal, ganske tidleg, men ganske greit og koma for den verste varmen. (for det er heilt sinnsjukt varmt her! sveitta renn berre ein staar stille i skyggen!) Har jo vert i Tikal for, men det var lika fantastisk no! Litt annerleis var det og, for me hadde ein annan guide og tok ei anna rute, saa eg fekk mange nye inntrykk ogsaa. Med det fyrste tempelet aat me frukost ( brod m diverse paalegg, frukt og verdens beste brod som dei sell her i antigua: bananbrod! det er heilt fantastisk godt). Naar me var ferdige i Tikal fekk me valget mellom Flores og Canopy tur, men det var berre to som ville paa canopy fordi me var saa sjukt sletne og lei av den intense varmen. Paa Flores var me ein liten gjeng som gjekk og aat paa ein liten resturant ogsaa gjekk me ein runde rundt oya og duppa foetene i vatnet.

Saa bar det vidare til Rio Dulce! Der var standarden paa hotellet litt laagare, og rommet var skittent og fullt av dode insekt, og levande gekkoar. (nokre av dei andre hadde til og med ein levande skorpion paa rommet! Det er vistnok ekstremt skjeldent her). Naar me hadde faat romma, gjekk me ned paa restauranten og bestillte mat. Der satt me heile kvelden og snakka og spelte uno, og me fekk til og med 3 flasker vin paa deling! 

Neste morgon var tog me baaten paa Rio Dulce ut til Livingston, paa vegen stoppa me med nokre varme kjelder og gjekk opp til nokre grotter, den eine gjekk me langt ned og innigjennom til me kom til eit rom der det var flaggermus! Ein kunne hoyre knitringa av dei og eg saag ei som flaug rundt.
I Livingston fekk me berre ein liten time til aa kikka oss rundt saa me gjekk litt i gata og saag. Saa tok me baaten eit lite stykke til ei lita strand, med eit hotell paa. Der laag me i sola, bada (ikkje akkurat avkjolande vatn) og aat lunsj. Etterpaa tok me baaten tilbake til hotellet og hoppa i minivanen tilbake til Antigua. Det var ein Bra tur, men programmet var litt tettpakka saa det var litt travelt.

I dag har eg vert troytt heile dagen og kjempa med aa halda augene opne paa skulen. Og paa ettermiddagen skulle eg vaska klede saa eg spure Norma kor det var eit lavanderia, og fekk veta om eit som var 3 eller 4 kvartal vekke. Naar eg endeleg fann det var det eit slik der ein gjer det sjolv, men eg orka ikkje leita etter eit anna. Det tok 30 min aa vaska saa imens gjekk eg til ein bokhandlar og kikka, og naar eg kom tilbake maatte eg ha 45 min til aa torketrommel.. Imens denne haldt paa fann eg ein anna bokhandel som hadde bruktboker, saa det var litt billigare. Der fann eg osten for sola, men hadde ikkje nok pengar saa eg maa nok tilbake dit! Naar kleda endeleg var ferdige hadde eg gaatt saa mykje fram og tilbake at eg var dausleten... Neste gong skal eg vaska paa eit som ligg med skulen, slik at eg berre kan levera kleda for eg har spansk, og henta dei klappa og klar etterpaa!!

Her er litt bilete fraa turen og fraa ruinane eg besokte sist veke: 
Tikal
Tikal
Tikal
Flores
Gekko over senga
Rio Dulce
Ruinane
Ruinane
Rommet mitt

torsdag 9. september 2010

Travle dagar

Hei og hopp!
No har eg kome skikkeleg i gang med skulen, har laert meg ein god del allereie, men likevel ikkje alltid saa lett aa gjera seg forstaatt. Paa tirsdag etter skulen var eg med til ruinane av ei svaer kyrkje som blei oydelagt under jordskjelvet, det var ein ganske fin tur, ogsaa fekk me og litt info om historien til Antigua. Og i gaar hadde ho eine studenten fraa Tyskland zumba time paa skulen. Det var ganske kjekt, men veldig slit i varmen! Etterpaa blei eg med nokre andre og kikka litt i butikkar og var paa ein kafe. (har faat meg guatemalsk simkort saa no gaar det ikkje aa naa meg paa det gamle nr.)

Om kveldane naar eg et middag pleier Norma sitja med meg og fortelja morosame historiar, og me held meste paa aa le oss ihel begge to. I gaar fekk eg ei bonnesuppe, som eg sleit litt med aa faa i meg, og noko anna som det var chilli i. Ogsaa tyggde eg ein litt stor bit med chilli, og det brant i heile munnen og taarene pippla fram, og Norma lo saa ho rista. Det er veldig koseleg aa sitja aa snakka, ho tek seg av det meste av snakkinga, men eg prover meg ein del eg ogsaa, maa jo ova meg paa spansken.

Paa skulen i dag var eg ganske troytt, for det er masse verb aa pugga heile tida, men heldigvis er laeraren min veldig snill. Ho snakkar seg ofte vekk, og i dag sat me aa snakka om ubeskytta sex, og hu fortalte om naar ho snakka med ungane sine om blomster og bier. I Guatemala er det veldig mange som faar born naar dei er 12, 13 14 aar gamle og ei veninde av dottera hennar som er 14 aar, blei gravid naar ho var 13, og naar skulen fant ut av det blei hu kasta ut av skulen, fordi det var ein katolsk skule og dei ville ikkje ha ein gravid unge der. Men laeraren hennar var veldig snill og brukte fritida si paa aa undervise ho heime.
Timane paa skulen er aldrig kjedelege, og eg laerer mykje heile tida.

I morgon reiser eg til Tikal, og Livingston, det har ikkje vore saa mykje nedbor denne veka og dei seier det er trygt aa reisa no. Me er omlag 13 stk som skal vera med, saa det blir nok ein fin tur. Skal bli litt godt aa sjaa litt meir enn Antigua ogsaa. Men no maa eg heim og gjera litt lekser, har ein del eg maa pugga.
Hasta luego! 

mandag 6. september 2010

Fyrste dag paa skulen :D

Hola!
No var det godt aa byrja paa skulen! Kjeda meg ein del i helga sidan eg ikkje kjennar nokon enndaa. Laeraren min Alicia er veldig flink saa langt. Paa APPE skal ikkje laerarane vaer strenge, dei skal vaera ein venn ein kan snakka med om altslags. Og undervisinga er ganske laererik paa ein maate, for ein samtalar heile tida og over paa verb og diverse grammatikk.. oppgaaver og slik gjer ein som lekse, det einaste er at ikkje alle oppgaavene er like lette aa forstaa. Men eg er jo saa heldig at mora i familien min er laerar!

I pausen traff eg nokre av dei andre elevane, det er sjukt mange tyskarar her, ogsaa snakka eg litt med ei fraa Norge, ho virka veldig koselig. Aktiviteten i helga er ein tur til Tikal, Rio Dulce og Livingston saa eg skal vurdera det, det er ein liten gjeng som har snakka om aa reisa, men det kostar nesten 1000 kr saa eg er ikkje heilt sikker enndaa. Men det er jo ein kjekk maate aa bli betre kjent med dei andre.
Etter skulen i dag var eg med paa ein rundtur i byen, saa no veit eg om litt fleire plassar ein kan eta eller gaa ut, ogsaa viste han oss ein rimelig internettkafe halvparten den prisen eg har betalt paa monoloco. I dag har det vert skikkeleg varmt i sola, men no paa slutten av rundturen skya det til og byrja aa regne.

Det verker som om det bur minst to studentar i kvar familie her, (i hvertfall dei eg har helst paa til no) men i dag meddelte ho som bur i min familie at ho ville bytta familie fordi det var saa mykje braak fraa gata og diverse saa ho faar ikkje studert nok. Eg for min del har ikkje noko problem med det, synest huset ligg ganske sentralt til, og stoy fraa gata er det vel med dei fleste husa her i Antigua. Er litt dumt at ho flytter fordi eg har ikkje lyst aa gaa ute aleine paa kvelden og slik, saa daa kan eg ikkje gaa ut om kvelden, (min teori er at det er derfor det bur fleire studentar i ein familie) men haapar det kjem ein ny student der snart :D

Eg forstaar det slik at dykk ikkje kan kommentera paa innlegga eg skriv, antageleg maa ein ha ein egen blogg for aa kunna kommentera.. skal kansje laga ein ny i wordpress eller noko, men i mellomtida kan dykk skriva til meg paa facebook eller mail (kh_905@hotmail.com) dersom dykk har noko paa hjarta :P
Eg legg med nokre bilete fraa Antigua, (fraa internett) har ikkje teke saa mange bilete enndaa, men bloggen ser saa kjedeleg utan :P saa her er Antigua, mi ciudad en Guatemala:
Ikkje den beste kvaliteten, menmen..
                                                     
                                                                

fredag 3. september 2010

Endeleg framme!!

Skjitman!! No er eg faktisk i Guatemala!! Etter 26 timar paa reis kom eg endeleg fram, paa det siste flyet kjente eg at dette er verkeleg, og kva er det eg driv med? Men naar eg kom fram var alt berre bra! :D naar eg kom ut fraa flyplassen stod det ein fraa skulen der med eit skilt med navnet mitt paa og viste meg til bilen.. saa raana me til Antigua, blei nesten litt bilsjuk i svingane!

Familien eg bur sjaa er kjempekoselege. Mora Norma er laerar paa skulen eg skal gaa paa og kjempe sot! Og faren Gustavo er kunst laerar. Dei har tre guttar, men eg har ikkje sett saa mykje til dei enndaa. Ogsaa bur det ei fraa Tyskland her, saa eg er ikkje einaste studenten.
Det har holja ned ute heilt sidan eg kom, og gatene er nesten som elver! Men om ein maanad eller saa skal finveret byrja, saa det blir nok litt betre:P
 

onsdag 1. september 2010

Reisefeber?

Alright! No er det under 10 timar til så fer det avgarde til flyplassen!! Kofferten er så og sei ferdig pakka, manglar berre nokre småting. Men framleis er det uverkeleg og fjernt at eg skal reisa vekk for så lenge, kjem nok til å kjenna det når eg plutseleg står åleine på flyplassen.
Flyet går frå Sola ti over 7 på morgonen, og når eg kjem til Frankfurt må eg venta i omlag 5 timar før det fer vidare til Huston. Der blir det litt meir stress, for eg har berre 1 og ein halv time der, men så har eg ein tendens til å stressa av det minste så det går nok bra. Også er det berre nokre timar så landar eg i Guatemala by!! :D