Har selvfolgelig blitt litt forkjola, men venta eigentleg paa det.. Mange andre av studentane paa skulen har vore sjuke, og Norma var skikkeleg sjuk i forrige veke. Derfor har eg ikkje vore paa noko helge tur. Dei andre reiste til Monterico ein gong til, saa eg tenkte eg berre blir heime og blir frisk igjen, ogsaa sparar eg dei pengane. Neste helg har me snakka om aa reisa til Lago Atitland.
I Antigua i helgene er det ganske lite aa finna paa, og serleg naar alle er ute paa tur. Saa eg har berre dreve dank. Var paa ein bruktbokhandel og fann meg ei bok (the tirteenth tale) saa eg har lest masse. Ogsaa var eg ein tur paa supermarkedet og kikka. Det er skikkeleg stort og har alt ein kan tenkja seg, men det luktar ikkje saa godt.. :P
I gaarkveld etter middag sat me aa saag paa ein gammal episode av top model, dubba paa spansk. Det var ganske morrosamt, dei spanske stemmane fekk dei til aa virka endaa meir blaaste.
I dag sov eg lenge, og det var herleg! Har vaakna av vekkeklokke nesten kvar dag sidan eg kom, og eg kan ikkje fordra det! No tenkte eg eg skal finna meg litt mat ein plass og utanom det har eg ingen planar. Paa sundagane maa me forsorga oss med mat sjolve, men ellers faar me mat kvar dag.
Det blei ein liten oppdatering paa denne helga, ikkje saa mykje action akkurat.
Me preikast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar