onsdag 1. september 2010

Reisefeber?

Alright! No er det under 10 timar til så fer det avgarde til flyplassen!! Kofferten er så og sei ferdig pakka, manglar berre nokre småting. Men framleis er det uverkeleg og fjernt at eg skal reisa vekk for så lenge, kjem nok til å kjenna det når eg plutseleg står åleine på flyplassen.
Flyet går frå Sola ti over 7 på morgonen, og når eg kjem til Frankfurt må eg venta i omlag 5 timar før det fer vidare til Huston. Der blir det litt meir stress, for eg har berre 1 og ein halv time der, men så har eg ein tendens til å stressa av det minste så det går nok bra. Også er det berre nokre timar så landar eg i Guatemala by!! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar