onsdag 18. august 2010

15 dagar til avreise!!

Det har ennå ikkje gått opp for meg, men 2. september er dagen mitt eventyr skal starta, då reisar eg avgarde til Guatemala for å bli der heilt til april!! Heilt sidan sist gong eg var der har eg hatt lyst å reisa tilbake, og fyrst var det berre ein draum i hovudet mitt.. Men det er no eg har moglegheita, så kvifor ikkje? Etter mykje fram og tilbake har eg endeleg bestemt meg for å reisa gjennom Atlantis utveksling. Eg skal byrja med å gå på språkskule for å læra meg spansk skikkeleg, også skal eg jobba som frivillig på eit sjukehus. Gledar meg heilt sjukt no, men gruar meg og litt til byrjinga før eg blir kjent med folk og slikt..

Her skal eg prøva oppdatera dykk heime om korleis det går og kva som skjer, og forhåpentlegvis får eg lagt ut litt bilete og. Har store planar om å skriva mange innlegg, men veit ikkje ennå kor ofte eg får skrive noko.. Det vil tida visa :D Også må dykk berre kommentera undervegs! Det er alltid kjekt å få høyra korleis det går med alle heime!
Stay tuned!:D