torsdag 9. september 2010

Travle dagar

Hei og hopp!
No har eg kome skikkeleg i gang med skulen, har laert meg ein god del allereie, men likevel ikkje alltid saa lett aa gjera seg forstaatt. Paa tirsdag etter skulen var eg med til ruinane av ei svaer kyrkje som blei oydelagt under jordskjelvet, det var ein ganske fin tur, ogsaa fekk me og litt info om historien til Antigua. Og i gaar hadde ho eine studenten fraa Tyskland zumba time paa skulen. Det var ganske kjekt, men veldig slit i varmen! Etterpaa blei eg med nokre andre og kikka litt i butikkar og var paa ein kafe. (har faat meg guatemalsk simkort saa no gaar det ikkje aa naa meg paa det gamle nr.)

Om kveldane naar eg et middag pleier Norma sitja med meg og fortelja morosame historiar, og me held meste paa aa le oss ihel begge to. I gaar fekk eg ei bonnesuppe, som eg sleit litt med aa faa i meg, og noko anna som det var chilli i. Ogsaa tyggde eg ein litt stor bit med chilli, og det brant i heile munnen og taarene pippla fram, og Norma lo saa ho rista. Det er veldig koseleg aa sitja aa snakka, ho tek seg av det meste av snakkinga, men eg prover meg ein del eg ogsaa, maa jo ova meg paa spansken.

Paa skulen i dag var eg ganske troytt, for det er masse verb aa pugga heile tida, men heldigvis er laeraren min veldig snill. Ho snakkar seg ofte vekk, og i dag sat me aa snakka om ubeskytta sex, og hu fortalte om naar ho snakka med ungane sine om blomster og bier. I Guatemala er det veldig mange som faar born naar dei er 12, 13 14 aar gamle og ei veninde av dottera hennar som er 14 aar, blei gravid naar ho var 13, og naar skulen fant ut av det blei hu kasta ut av skulen, fordi det var ein katolsk skule og dei ville ikkje ha ein gravid unge der. Men laeraren hennar var veldig snill og brukte fritida si paa aa undervise ho heime.
Timane paa skulen er aldrig kjedelege, og eg laerer mykje heile tida.

I morgon reiser eg til Tikal, og Livingston, det har ikkje vore saa mykje nedbor denne veka og dei seier det er trygt aa reisa no. Me er omlag 13 stk som skal vera med, saa det blir nok ein fin tur. Skal bli litt godt aa sjaa litt meir enn Antigua ogsaa. Men no maa eg heim og gjera litt lekser, har ein del eg maa pugga.
Hasta luego! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar