tirsdag 23. november 2010

Hummer og kanari

Synkehull
I Guatemala har det vore 2 tilfelle der bakken plutseleg berre dett ned i eit svaert hull. Det fyrste var i 2007, og det andre var i mai i aar. Laeraren min fortalte meg om det hullet som kom i aar. Under hovudstaden ligg enndaa det gamle royrsystemet dei brukte, enkelte plassar har det vore lekasjar i royra, og det har danna seg lager med vatn under bakken. I forbindelse med orkanen Agatha var bakken ekstra skjor og bakken ga etter. Madere tierra slukte eit vegkryss og ein fabrikk. Heldigvis var det ingen folk i fabrikken fordi ei stund for hadde dei hoyrt rare lydar fraa under bakken og derfor hadde alle forlatt bygningen. Men ein annan var ikkje like heldig. Han hadde akkurat vore i ein butikk i naerleiken, og skulle gaa aa snakka i ein telefonkiosk paa det hjornet som blei slukt. 1 veke seinare fann dei han i ei elv langt fraa hullet, han hadde blitt fort med undergrunnsvatnet ut i elva. Tenk aa berre kjenna bakken forsvinna ned under seg, det maa vaera heilt forferdeleg! Mange er enndaa redde, fordi det er 12 andre slike lager med vatn under byen, og ingen veit kvar dei er eller naar dei kan gje etter. Ganske skummelt, men dei jobbar med aa prova aa finna dei..

Camioneta tur aka. Raanetur
Ein laurdag her for 2 veker sidan fann me ut at me ville inn til hovudstaden paa shopping. Det er ikkje akkurat saa mykje aa finna paa her i Antigua i helgene. Saa me mottes i parken paa morgonen og gjekk ned til markedet for aa finna ein camioneta som skulle til hovudstaden. AA kjoyra camioneta her er verkeleg eit eventyr i seg sjolv! Los camionetas er bussane dei brukar her. Gamle skulebussar fraa USA som har blitt styla. Det er ingen grenser for kor mange det er plass til, og me satt 3, 4 stykk paa eit sete for 2. Paa annlegget spelar dei enten den mest irriterande musikken som er, eller skikkeleg gammal pop musikk. Alle bussane har ein ayudant som staar i dora og ropar ut bestemmelsestaden og som gaar rundt og tek i mot betalinga. Vegane inn til hovudstaden er veldig svingete, og eg var nesten sikker paa at me skulle kveltra. Dei kjorar nemleg som nokre svin! Godt over 100 i svingane. Ikkje forstaar eg korleis dei skranglebussane kan kjoyra saa fort. Men til tross for dette likar eg eigentleg aa ta camioneta, det er verkeleg ein opplevelse og det er alltid noko nytt aa sjaa. Mange folk maa hoppa paa og av i fart, for det er ikkje alltid dei gidd aa stoppa. Etter ca 1 time kom me fram ved kjopesenteret, og det var akkurat som aa vera i Noreg igjen inne paa senteret med alle butikkane. Me har blitt saa vande med prisane her at naar me saag prisane paa kjopesenteret blei me nesten litt sjokka. Saa det endte med at me berre gjekk og satte oss i food courten og aat for me hoppa paa ein buss tilbake igjen!

Kidnapping
Ein dag paa veg til skulen fortalte Norma meg om kidnapping i Guatemala. Her er det veldig mange kidnappingssakar, og som oftast av babyar og ungar. Babyar blir kidnappa og solgt som organdonorar. Og mange unge jenter blir solgt til prostitusjon. Ho fortalte at den 14 aar gamle dattera til den eine laeraren paa skulen ein dag berre skulle gaa til kyrkja, og kom ikkje tilbake. Foreldra sette heile jorda i bevegelse for aa faa ho tilbake, og etter fleire maanader fann politiet ho paa grensa til El Salvador. Daa var ho saa neddopa at ho nesten ikkje huska igjen sin eigen familie. Dei som hadde kidnappa ho skule antageleg selga ho for prostitusjon, men heldigvis kom ho til rette igjen. Desverre er det ikkje alle som er like heldige..

Las Creencias
Folket her i Guatemala er veldig overtruiske, og eg hoyrer heile tida nye myter og legendar. La llorona er ein av dei mest kjente her og mange er overbeviste om at det er sant. Det er mange forskjellige versjonar. La llorona var ei dame som budde her for lenge sidan, ho var gift med ein mann men han maatte reisa til Spania av ein eller annan grunn. Mange aar gjekk og ho hoyrde ikkje noko fraa han, og ho fekk seg ein elskar. Med han blei ho gravid, og etter ho fekk sonen sin kom det eit brev fraa ektemannen i Spania, der han forklarte kvifor han ikkje kunne kontakta ho for, og at han var paa veg heim. Kvinna blei redd for kva mannen ville gjera naar han kom heim og saag at ho hadde ein son med ein annan. Derfor tok ho med seg babyen til elva og drukna han. Etterpaa kunne ho ikkje forstaa kva ho hadde gjort og tok sitt eige liv. Legenda seier at ho enndaa gaar igjen og leitar etter babyen sin, og dersom ein er i naerleiken av vatn om natta kan ho plutseleg koma og skrika deg i oyra.

Ei anna kjent legende er om Ronald Mcdonald. Figuren som sit paa ein benk paa Mc Donalds. Det er nemleg den einaste i verda som sit med beina i kryss. Og det er fordi han ei natt plutseleg berre reiste seg opp og sette seg ned igjen. Det var vistnok 3 vakter som vitna dette, og 2 av dei doyde av hjarteinfarkt.   

mandag 8. november 2010

Besok av Karoline aa gjengen!!

Paa fredag gjekk eg aa venta paa telefon heile dagen om naar dei skulle koma til Antigua. Og Endeleg i 6 tida ringte Karoline og sa dei var i parqe central, og at eg maatte koma  saa fort eg kunne. Det var knallkjekt aa treffa ho igjen her nede i Antigua! Eg hadde reservert bord til alle paa Rikis, saa eg blei med dei og aat ein god middag.
Lordagen hadde dei fridag, saa daa hang eg med Karoline heile dagen. Det var knallkjekt! Paa kvelden var eg med og saag paa dei naar dei hadde salsa time med Mike og Carmen, det virka som dei koste seg veldig. Etterpaa gjekk me ut paa ein plass med live salsa musikk, og etterkvart kom Benjamin og David (Benjamin var guide i fjor, og David er ein kamerat av han). Elevane var dautrotte, saa til slutt var det berre eg og Kristi igjen. Me fekk dansa masse salsa! :D
For dei reiste vidare paa sondagen gjekk me opp paa Cierro de la Cruz, og hadde pinata paa ein restaurant, fordi hu eine fylte aaret.

Paa kvelden var eg med og feira bursdagen til Carmen paa La Sala, det var kjempekoselig, me var ein liten gjeng som aat pizza og saag paa alle dei proffe dansarane!
I dag var det forresten eit svaert utbrudd paa Volcan de fuego! Skikkeleg fasinerande paa avstand!

tirsdag 2. november 2010

Travle dagar

Forige veke var skikkeleg stressande, det skjedde noko heile dagane. Paa ein maate er det kjekt aa ha noko aa gjera heile tida, men det blei litt stressande. Paa onsdag inviterte Carmen (den eine salsalaeraren paa Salsa Dreams) meg til aa bli med og feira bursdagen til mora hennar, Flori. Det var kjempekoselig! Dei bur i eit privat boligstrok i Jocotenango, og me var 5 salsaelevar og heile familien deira. Det var ein skikkeleg fiesta med masse god mat, drikke, musikk og sjolvsagt salsa! Mora var ei kjempesot dame som fylte 65 aar. Syntes det var skikkeleg kjekt aa faa koma heim til dei og bli med paa aa feira bursdag paa guatemalsk vis. Maa sei eg foretrekk feiringa meir her enn i Noreg! 

Bursdagen til Flori


Salsa, eg dansar heilt til hogre.

Bursdags "barnet"


Paa Fredag var det ein fiesta paa skulen i anledning halloween. Eigentleg feirar dei ikkje halloween her, men sidan det er saa mykje turistar i Antigua feirar dei det skikkeleg. Paa fredagen laga dei til disco paa skulen, med god mat og drikke, og mange morrosame kostymar! Det var premiar til dei som hadde beste kostyme, men eg kledde meg ikkje ut saa eg vant ingenting :P
Sundagen som var halloween, var det heilt sinnsjukt mykje folk paa kvelden! Normalt er gatene heilt tomme naar klokka er hall 2, men no var dei fulle av folk. Halve hovudstaden var her for aa feira. Og det var mange toffe kostymar. Eg blei med paa ein privat fest, der dei hadde dekorert med kister og altslags skumle ting. Dei hadde eit band som spelte, og ein mann som skjonglerte med faklar. Ganske toft, men det var ikkje saa mange folk der saa me gjekk etterkvart.

I helga reiste eg og Julie (ei jente fraa Belgia) til Monterico for ei natt. Der laag me paa stranda og bada i bassenget heile dagane. Eg har faktisk faatt farge no! Endeleg!  Og eg har saa mange myggstikk paa fottene at det ser ut som eg har vannkoppane. Men heldigvis er dei ikkje infiserte, hadde nokre for ei veke sidan som var enorme og gjorde skikkeleg vondt..

 I gaar, 1. November var Dia de todos los Santos. Denne dagen blir i hovudsak feira paa kyrkjegaarden. Familiane tilbringer heile dagen paa kyrkjegarden, der et dei saman med dei dode, drikk og spelar spel. Ogsaa flyr dei med dragar. Dragane skal vaera ein maate aa koma naermare dei dode paa, og faa kontakt med dei. Eg reiste saman med gjengen fraa Salsa Dreams til Santiago. Der var det heilt pakka med folk! Me gjekk saman til kjyrkjegarden der alle dragane var, og saag paa naar dei reiste dei styrste dragane som var heilt enorme, og naar dei flydde dei mindre dragane. Eg provde aa fly ein mini drage, og fekk den opp i lufta for ei lita stund. Det var ein opplevelse aa faa vaera med og sjaa denne festivalen, men det var litt for mange folk, og litt slitsamt aa vaera der heile dagen. Av dei styrste dragane klarte dei reisa alle utanom ein, som knakk paa midten. Det er sjukt mykje arbeid med aa laga berre ein, fordi rama er av svaere bambus paalar, og papiret er eit kunstverk i seg sjolv. Eg forstaar ikkje korleis dei klarar det, var skikkeleg imponerande!
Paa kvelden heime fekk eg smaka fiambre, det er ein matrett dei berre et paa denne dagen og aldreg utanom. Det er ein salat som inneheld ALLE gronnsakene og ALLE typar kjott. Det er ikkje det beste eg har smakt her, men det var heilt etande. Smaka litt som pressaft :P
Kjyrkjegaarden der alle dragane var 


Mike (salsa laeraren min) prover aa hjelpa til 

Desse kom opp i lufta til slutt




Meg og Julie

Her heisar dei den styrste opp

Men desverre knakk den


Provar aa fly dragen, men det var ikkje saa lett



Mykje folk i gatene



Litt skurrete bilde, men her er heile gjengen