mandag 14. mars 2011

Den fyrste Velacionen aa procesionen!

Denne helga byrja dei med den fyrste velacionen paa fredagen og lordagen, og paa sundagen var den fyrste procesjonen. Dette merkar byrjinga paa fastetida, og kvar helg fram til semana santa skal det vaera velacioner og procesionar i forskjellige landsbyar. Biletet ovanfor er av procesionen, dei byrja ca kl 10 paa morgonen med aa gaa fraa kyrkja i Santa Catarina, ein landsby utanfor Antigua. I lopet av dagen gjekk dei til Antigua og rundt om i byen, og ca i 9 tida paa kvelden gjekk dei tilbake til landsbyen.






Paa sundagen sat me i parken og venta paa procesionen i om lag to timar. Men tida gaar fort naar ein er i godt selskap!


Mi fyrste alfombra!! Men ikkje av dei finaste. Desse teppene lagar dei rundt om i byen for kvar procesion, og dei finaste kjem i semana santa. Dei lagar desse for at fyrst Jesus og etterpaa Jomfri Maria skal gaa over ein plass som er "rein" og det representerar dei forskjellige familiane som lagar dei.





Etter Jesus kjem Jomfru Maria. Denne er det berre kvinner som har lov aa baera, imens Jesus er det berre menn som har lov til aa baera.


Veit ikkje heilt kor mange det er som baerer denne. Men i nokre av dei styrste som er i semana santa er det visstnok 100 menn som baerer! Naar dei gaar vuggar dei fram og tilbake slik at det ser ut som Jesus gaar. Det saag ut som dei fremste personane hadde den styrste tyngda, fordi naar dei gjekk seig dei meir og meir i hop, og to andre menn gjekk paa sida og lyfta heile greia opp naar dei seig saman!




Alle har paa seg same kleda, men dette er forskjellig alt etter kor strenge reglane til kyrkja er. Denne kyrkja er ikkje saa veldig streng fordi damene som baerte Jomfru Maria hadde paa seg vanlege klede. Men Carmen snakka om at me kansje kan vaera med og baera i ein annan procesion og dersom eg skal det maa eg ha heilt svarte klede, og skjort.

Paa lordagen reiste me til Santa Catarina for aa sjaa velacionen, som visar paa biletet ovanfor. Kvar fredag skal det vaera velacionar som representerar livet til Jesus fram til han dode paa korset. Desse er inne i kyrkjene og folk kjem for aa sjaa dei, men me maatte passera fort saa me fekk ikkje sett det saa godt. Og etterpaa kjopte me masse god mat. Det er nemleg som ein liten folkefest i landsbyane med masse buer med alt slags mat! Det er ikkje akkurat dei reinaste alternativa for aa eta, men eg aat det beste kjottet eg har smakt i Guatemala! I tillegg til mykje anna snadder! (og eg blei ikkje sjuk!) :D


Glasserte epler, veldig sott, men godt!  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar