tirsdag 1. mars 2011

Monterrico :D

Denne helga blei eg med fam. Jimenez, Vinicio og Ben til Monterrico! Det var heilt supert. Me reiste i 1 tida paa laurdagen i bilen til mannen til Aura, og Vinicio koyrde. Var ikkje eigentleg plass til alle saa dei sat 4 i baksetet, og eg og Dayana maatte sitja i bagasjerommet, men dette er heilt normalt i Guatemala! Bilar og bussar blir aldreg fulle. Me hadde det ganske morrosamt baki der, ikkje heilt komfortabelt men gjekk heilt fint.

Daa me kom fram skifta me til mindre klede i og med at det er supervarmt! Og gjekk ned paa stranda og slappa av og saag solnedgangen, etterpaa var me i bassenget paa hotellet og tulla. Paa kvelden gjekk me ut og aat pizza og var nede paa stranda litt.

Sondagen brukte me med bassenget fram til lunsj, og i 4 tida tok me fatt paa vegen heim att. Sjolvsagt var det ei ulykke 20 min fraa Antigua og me maatte snu og koyra ein times omveg! Naar me endeleg kom fram tok eg meg berre ein dusj og hoppa i senga!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar