torsdag 24. februar 2011

Bursdagsfeiring og dia de cariño

Sundag 13. feira me bursdagen til Ben, ein kamerat eg har blitt kjent med paa salsaskulen. Derfor inviterte Carmen folk til aa koma aa feira kl. 3, men me maatte ikkje sei noko til Ben, fordi det skulle vaera ein overraskelse. Kl 3 kom eg og Ronja, men skulen var stengd og ingen var der. Naermare hall 4 kom Mike og laaste opp, men han viste ingenting om kvifor dei andre ikkje var der. Etter ein halvtime kom dei endeleg og me byrja aa faera det til med ballongar og heile pakka. I 4 tida var det meininga Carmen skulle mota Ben i parken og ta han med til skulen, men sidan dei var forsinka blei kl 5. Og me venta og venta, men han kom aldrig. Til slutt fant me ut at sidan han hadde venta i parken over ein time hadde han blitt sint og gaatt heim, saa Carmen maatte reisa og henta han. Naar han endeleg kom var han ganske overraska! Resten av feiringa gjekk bra og alle hadde det kjekt, med musikk, dansing, nachos, piñata og kaka endte opp i trynet til bursdagsbarnet!

Mandag 14. Valentines day, eller dia de cariño som det heiter her. I Guatemala er det nemleg ikkje berre ein dag for kjaerastar, men ogsaa for venner og alle ein er glad i. Mange gjer kvarandre smaa gavar og det er dekorasjonar med hjarter og roser over alt. I forbindelse med dette var det fiesta paa salsaskulen etter gratistimen. Var knallkjekt! Ikkje saa mange folk som kom, men det gjorde ingenting. Skikkeleg stemning med stearinlys overalt, salsa, batchata, cha cha cha, og mykje latter og loye! Er superglad for aa ha blitt kjent med alle for me har det alltid skamloye saman! :D




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar