Buenos Tardes!
No har eg hatt ei helg med masse sol og varme!! Paa laurdag reiste me til Sipacate ein liten plass ved stillehavet, der er bolgene mindre og det gaar ann aa surfe. Me skulle reise fraa Antigua kl 6 paa morgonen, men sjolvsagt var det ein av dei andre som klarte aa forsova seg, saa me kjoyrde ikkje fraa Antigua for kl 8! Kom fram til slutt, (ca 3 timar aa kjore) og hotellet er det mest primitive hotellet eg har bodd paa, men det gjekk bra for ei helg. Me sov i ein halvroten bungalow full av insekt, doen var i ein egen bungalow, og naar ein trekkte ned i den eine doen, kom det opp drit i den andre doen! Ganske ekkelt.. Og dusjen hadde fullt utsyn, slik at ein maatte dusje i bikini, dersom ein ikkje ville at nokon skulle sjaa alt!
Utanom oss 9 som reiste saman var det 3 karar fraa USA der og ein fraa Guatemala city som reisar der kvar helg. Saa me hadde saa og sei stranda og hotellet for oss sjolve. Paa laurdagen hadde me fyrste surfetimen, eg trudde ikkje eg skulle klara det paa grunn av ryggen, fordi eg faar skikkeleg vondt naar eg ligg paa magen, men det gjekk nesten heilt smertefritt. "Instruktorane" var nokre lokale guttar som hadde vokst opp med surfing, og naar me jenter skulle surfe bar dei bretta for oss og hjalp oss med aa klara aa ta bolgene. Dei kosa seg sikkar veldig for naar me laag paa bretta fekk jo dei direkte innsyn paa rumpene vaares!
Sundagen var eigentleg heilt lik, med solslikking og surfing, og paa kvelden hadde me ein liten fiesta paa stranda. Oss utlenningar, nokre lokale guttar, ei flaske rom, ol, og nodt eller sannhet var ganske interessant!
Paa mandagen for me reiste heim gjorde me ingenting, eg laag og slappa av i ei hengekoye og dagdromte. I alt ei skikkeleg avslappande helg! Paa veg heim blei me ganske forsinka, fordi ca 20 min fraa Antigua hadde det regna kraftig, og derfor hadde heile vegen blitt spylt vekk, var ei stor elv i stadenfor, ogsaa laag det ein svaer tankbil med gasolina nedi, som dei dreiv og provde aa faa opp. Derfor maatte me ta ein annan veg som tok ein time ekstra.
I sist veke tok eg forresten permanent! Saa no har eg kroller igjen!! Eg spure Norma om ho visste om frisorane her var flinke til aa ta permanent, ogsaa sa ho at ho trudde det, men at her i Antigua er det mykje dyrare. Men dersom eg hadde lust kunne, eg, ho og mora hennar reisa til Jocotenango. Mora hennar bur der, og ho sa at frisoren hennar er veldig flink og mykje billigare, saa dagen etterpaa tok me turen opp dit, og resultatet blei veldig bra, og kosta berre 120 kr ! Og samtidig klyppa og farga Norma haaret sitt.
Her er litt bilete fraa helga:






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar