onsdag 13. oktober 2010

Eksamen bestaatt! :D

Bestod akkurat, grensa var 85 %  og eg fekk 83% , men sidan det var saa naer grensa gjorde det ingenting. Konsekvensa dersom eg ikkje hadde klart det, hadde berre vore at eg ikkje hadde faatt bok nr. 2. Stressa ein del den siste timen, fordi eg berre hadde 2 timar paa meg, og 10 sider med gramatikk og 3 smaa historiar eg skulle skriva.. Men no har eg lagt den bak meg!

Ellers er alt som normalt her. I gaar var eg med opp paa cierro de la cruz, eit utsiktspunkt over heile Antigua, knallfint! Tok litt bilete, men gloymde kameraet saa bildene kjem neste gong eg skal paa internett. I morgon skal eg bli med til Guatemala city for aa besoka cerveseria, der dei lagar den beromte ola gallo.
Til helga er me ein gjeng som skal reisa til ei strand ved stillehavet for aa surfe, gledar meg til aa komma meg bort litt no. Er ikkje saa veldig mykje aa finna paa her i helgene. Me skal reisa paa laurdag og bli til mandag, og stranda er privat saa me har ho nesten heilt for oss sjolv. Faar berre haapa det blir fint ver, er ein storm som skulle koma, men den skal vera ferdig for helga.

Eg har begynnt aa sjaa paa ei telenovele naar eg et middag, det er saa tragisk at det er underholdane! Det er 3 gonger meir tragisk enn Glamour og Passions, og paa spansk sjolvsagt. Telenovela heiter Victorino, og handlar om 4 menn som blei fodt paa same dag, og har same navnet (Victorino). I folge ein profeti skal 3 av dei do same dag i same ulykke, fordi det er berre meininga det skal vaera ein Victorino. Ein av dei er fattig, ein er ein rik narkotraficante, ein er homofil og ein er politi. Eg forstaar ikkje saa veldig mykje, for dei snakkar saa fort, men eg forstaar handlinga. Ogsaa er det ei eldgammal bistygg dame som driv og chattar med ein ung mann, og ho utgjer seg for aa vera 20 sjolv. Har ikkje peilig paa kor ho kjem inn i handlinga, men det er ganske morrosamt!

Eg bur enndaa aleine, men skal kansje bytta familie i neste veke, det ser ikkje ut som om det kjem nokre nye heller. Klarar aldrig bestemma meg, likar familien min saa godt og folar meg heime sjaa dei, saa det er trist aa maatte reisa fraa dei ogsaa. Men no skal eg sjaa korleis det gaar, og dersom det er like einsamt neste veke ogsaa faar eg nok bytte.
Men no skal me motast for aa betala turen i helga saa Hasta luego!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar