Hola!
Er ei stund sidan eg har skrive no, men det har ikkje skjedd saa mykje nytt eigentleg. Livet gaar sin gang med skule og forskjellig paa ettermiddagen. No har eg bytta laerer paa skulen, og det var deilig. Folar eg kjem framover i spansken no. Og i dag blei eg ferdig med den fyrste grammatikk boka, saa paa mandag skal eg ha ein examen i det eg har laert til no. Eg har litt aa lesa paa i helga! Veit ikkje heilt om eg skal ut paa tur eller berre bli her heime i Antigua. Men har vert her to helger paa rad no saa eg har litt lyst aa koma meg litt vekk, er lite som skjer her i helgene.
Paa veg til skulen i dag fortalte Norma at politiet hadde fanga ein kjeltring fraa USA i parque central i gaar. Dette var vistnok ein svindlar som var etterlyst av FBI, og dei hadde leita etter han i 5 aar no. Ogsaa har han gjoymt seg her i Antigua heile tida, men det var naa godt dei fant han no iallefall.
Det er framleis ganske ensomt i huset mitt, ingen nye studentar, mens i alle dei andre husa kjem det nye heile tida... Det har sine fordelar og ulemper aa vaera aleine, men eg har tenkt litt paa aa bytta hus dersom det ikkje kjem nokon snart. Paa ei anna side har eg ikkje lyst aa flytta fraa familien min, fordi eg trivest saa godt saman med dei no. Dilemma..
Ellers har eg ikkje saa mykje nytt aa dela, berre kjedelege ting som vaeret og daglege rutinar. Men skal skriva igjen saa fort det skjer noko nytt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar