torsdag 13. januar 2011

Sjuk IGJEN!!

No er det 3 gongen eg er forkjolt her nede! Ikkje saa veldig kjekt! Men heldigvis har eg ikkje hatt noko saerleg problem med magen, som dei fleste andre har her nede (bank i bordet). Har vore ganske kjedeleg denne veka, fordi eg kan ikkje jobba med ungane naar eg er sjuk pga smittefaren. Derfor har eg hatt mykje tid til aa slappa av.
Var paa arbeid igjen i dag, saa det var kjekt aa sjaa alle dei sote smaa igjen! Og i kveld er det benefit konsert til inntekt for Casa Jacson saa eg tenkte eg skal stikka innom der ein liten.

Ellers er eg mykje paa salsa skulen og dansar. Har blitt god venn med alle der saa no kan eg berre stikka innom aa dansa. Nokre gonger ovar me paa ein koreografi og andre gonger hjelper eg naar dei har store grupper.
Salsa er nok noko av det eg kjem til aa savna mest naar eg reiser heim att :( Det er heilt fantastisk kjekt. Ogsaa har eg laert litt Cha Cha Cha, Bachata, merenge aa salsa 2 :D Bachata vil eg laera meir av fordi det og er knallkjekt og eg likar musikken saa godt! Men det er ikkje saa ofte dei spelar det paa uteplassane, somregel berre eit par sangar..

Og i gaar fekk eg ENDELEG det nye visa kortet mitt!!! Det var ganske digg maa eg seia! Blir mykje lettare aa fiksa meg pengar no. Men eg er litt redd for at akkurat det samme skal skje igjen, for det er framleis folk som blir robba paa same maaten. Veit i alle fall ein minibank eg skal halda meg unna fraa, men det kan jo lika saa lett skje andre plassar ogsaa..

Feliz fin de semana!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar