Forrige helg var eg paa feria i jocotenango (festival) saman med Dayana. Det var knallkjekt, og skikkeleg toft aa ha sett. Hovudgreia var nemleg dansande figurar. Det var omlag 5 grupper som kvar hadde eigen lastebil fullasta med hogtalarar, som forflytta seg rundt i landsbyen og dansa. Den eine gruppa hadde monster som tema og hadde kostymar av alle slag, ei anna gruppe hadde menn i kvinneklede. Allesaman dansa heile dagen og ikkje veit eg korleis dei haldt ut ein heil dag i kostyma under den brennande sola! Men kostyma var skikkeleg bra, og spesielt i den eine gruppa som hadde mange teikneserie figurar.
Paa laurdagen gjekk me rundt og kikka paa dei som dansa og gjekk innom eit selskap ein liten tur, der eg oppdaga at det finst LEVERPOSTEI i Guatemala! Eller i alle fall noko tilnerma leverpostei, det var super digg aa eta noko med norsk smak! Paa kvelden var det fleire grupper som dansa, og paa slutten trudde eg hovudet mitt skulle sprenga etter ein heil dag men BOM BOM BOM musikk. Men det var ein knall kjekk dag!
Ogsaa fekk eg pakke i posten!!! :D :D
Dette såg skikkele konge ud :d diggde mariodansen <3 :D glede mg t å koma ner å henta dg heim ijn!
SvarSlett