tirsdag 23. november 2010

Hummer og kanari

Synkehull
I Guatemala har det vore 2 tilfelle der bakken plutseleg berre dett ned i eit svaert hull. Det fyrste var i 2007, og det andre var i mai i aar. Laeraren min fortalte meg om det hullet som kom i aar. Under hovudstaden ligg enndaa det gamle royrsystemet dei brukte, enkelte plassar har det vore lekasjar i royra, og det har danna seg lager med vatn under bakken. I forbindelse med orkanen Agatha var bakken ekstra skjor og bakken ga etter. Madere tierra slukte eit vegkryss og ein fabrikk. Heldigvis var det ingen folk i fabrikken fordi ei stund for hadde dei hoyrt rare lydar fraa under bakken og derfor hadde alle forlatt bygningen. Men ein annan var ikkje like heldig. Han hadde akkurat vore i ein butikk i naerleiken, og skulle gaa aa snakka i ein telefonkiosk paa det hjornet som blei slukt. 1 veke seinare fann dei han i ei elv langt fraa hullet, han hadde blitt fort med undergrunnsvatnet ut i elva. Tenk aa berre kjenna bakken forsvinna ned under seg, det maa vaera heilt forferdeleg! Mange er enndaa redde, fordi det er 12 andre slike lager med vatn under byen, og ingen veit kvar dei er eller naar dei kan gje etter. Ganske skummelt, men dei jobbar med aa prova aa finna dei..

Camioneta tur aka. Raanetur
Ein laurdag her for 2 veker sidan fann me ut at me ville inn til hovudstaden paa shopping. Det er ikkje akkurat saa mykje aa finna paa her i Antigua i helgene. Saa me mottes i parken paa morgonen og gjekk ned til markedet for aa finna ein camioneta som skulle til hovudstaden. AA kjoyra camioneta her er verkeleg eit eventyr i seg sjolv! Los camionetas er bussane dei brukar her. Gamle skulebussar fraa USA som har blitt styla. Det er ingen grenser for kor mange det er plass til, og me satt 3, 4 stykk paa eit sete for 2. Paa annlegget spelar dei enten den mest irriterande musikken som er, eller skikkeleg gammal pop musikk. Alle bussane har ein ayudant som staar i dora og ropar ut bestemmelsestaden og som gaar rundt og tek i mot betalinga. Vegane inn til hovudstaden er veldig svingete, og eg var nesten sikker paa at me skulle kveltra. Dei kjorar nemleg som nokre svin! Godt over 100 i svingane. Ikkje forstaar eg korleis dei skranglebussane kan kjoyra saa fort. Men til tross for dette likar eg eigentleg aa ta camioneta, det er verkeleg ein opplevelse og det er alltid noko nytt aa sjaa. Mange folk maa hoppa paa og av i fart, for det er ikkje alltid dei gidd aa stoppa. Etter ca 1 time kom me fram ved kjopesenteret, og det var akkurat som aa vera i Noreg igjen inne paa senteret med alle butikkane. Me har blitt saa vande med prisane her at naar me saag prisane paa kjopesenteret blei me nesten litt sjokka. Saa det endte med at me berre gjekk og satte oss i food courten og aat for me hoppa paa ein buss tilbake igjen!

Kidnapping
Ein dag paa veg til skulen fortalte Norma meg om kidnapping i Guatemala. Her er det veldig mange kidnappingssakar, og som oftast av babyar og ungar. Babyar blir kidnappa og solgt som organdonorar. Og mange unge jenter blir solgt til prostitusjon. Ho fortalte at den 14 aar gamle dattera til den eine laeraren paa skulen ein dag berre skulle gaa til kyrkja, og kom ikkje tilbake. Foreldra sette heile jorda i bevegelse for aa faa ho tilbake, og etter fleire maanader fann politiet ho paa grensa til El Salvador. Daa var ho saa neddopa at ho nesten ikkje huska igjen sin eigen familie. Dei som hadde kidnappa ho skule antageleg selga ho for prostitusjon, men heldigvis kom ho til rette igjen. Desverre er det ikkje alle som er like heldige..

Las Creencias
Folket her i Guatemala er veldig overtruiske, og eg hoyrer heile tida nye myter og legendar. La llorona er ein av dei mest kjente her og mange er overbeviste om at det er sant. Det er mange forskjellige versjonar. La llorona var ei dame som budde her for lenge sidan, ho var gift med ein mann men han maatte reisa til Spania av ein eller annan grunn. Mange aar gjekk og ho hoyrde ikkje noko fraa han, og ho fekk seg ein elskar. Med han blei ho gravid, og etter ho fekk sonen sin kom det eit brev fraa ektemannen i Spania, der han forklarte kvifor han ikkje kunne kontakta ho for, og at han var paa veg heim. Kvinna blei redd for kva mannen ville gjera naar han kom heim og saag at ho hadde ein son med ein annan. Derfor tok ho med seg babyen til elva og drukna han. Etterpaa kunne ho ikkje forstaa kva ho hadde gjort og tok sitt eige liv. Legenda seier at ho enndaa gaar igjen og leitar etter babyen sin, og dersom ein er i naerleiken av vatn om natta kan ho plutseleg koma og skrika deg i oyra.

Ei anna kjent legende er om Ronald Mcdonald. Figuren som sit paa ein benk paa Mc Donalds. Det er nemleg den einaste i verda som sit med beina i kryss. Og det er fordi han ei natt plutseleg berre reiste seg opp og sette seg ned igjen. Det var vistnok 3 vakter som vitna dette, og 2 av dei doyde av hjarteinfarkt.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar